Stolpabua  8 (10) personar

Stabbur, bygd i 1936, 1. etg. 40m2 og  2. etg. 45m2.   Eigen hage omkransar huset, og med steingard omkring.  Hagemøblar  høyrer til. 

Stolpabua er i dag i stor grad slik ho var opprinnleg.

Stolpabua ligg på ein gard med korn-produksjon og med  vakker utsikt over Jæren, Høg-Jæren og havet.  Det er 200 m til  sandstrand.

Kjøken/stove: kjøleskap,  fryseskap, oppvaskmaskin, induksjons komfyr, vaskekum med kaldt og varmt vatn,  kaffitraktar, mikrovølgeovn, vaffeljarn, fjernsyn, radio, spisebord, sofa (dobbel sovesofa),  salongbord, slagbenk, stolar, elektrisk oppvarming og godt med skap og  skuffer.

Bad: toalett, vask,  dusjkabinett, skap og fliselagt golv m/el. varme.

Loft: Soverom 1: dobbelseng 180 x 200cm med pocketfjør-madrasser. Utgang til terasse. Soverom 2: dobbelseng 180 x 200cm med pocketfjør-madrasser. Utgang til terasse. Soverom 3: dobbelseng 150 x 200cm med pocketfjør-madrasser. Soverom 4: dobbelseng 120 x 200cm med pocketfjør-madrasser. Soverom 5: Enkeltseng 90x200 cm. Det er og ein sovesofa i stova i 1. etasje på 150 x 200cm som kan nyttast ved behov..  Dyner og puter.

Terrasse: Fin utsikt til Obrestad Hamn. Bord med infrarød varme 1500 watt i stammen på bordet for ekstra komfort

Gang: knaggar til yttertøy,  støvsugar og trapp opp til loftet.

I Stolpabua er det røykfritt.

I Stolpabua kan ein ikkje ha dyr inne, men ein kan ha dyr som kan vera ute.

Fiskekort til Hå-elva kan leigast.   Sykkel kan leigast. 

Vert: Even Obrestad Hægstad og Renate Tråsavik

NB: Teikninga er ikkje oppdatert med 5 soverom og viser dermed feil i 2. etasje..